page view image

Bakgårdsfest 2022

EVENT INFORMATION
event image

Husorkester + god mat + heilaftan ute + klubb = Bakgårdsfest!


Vel møtt til Bakgårdsfest i Øystese - ein heilaftan ute i godt lag. Kjenn lukten av grillmat, set deg til i fine sitjegrupper, sjå på eit område som er jazza opp med blomar, høyr på deilig musikk frå eigen utescene omkransa av ljosrekkjer. Dette er Bakgårdsfest 2022!


PROGRAM:


Kl 19:00: Portane opnar. Sal av grillmat og lesk.
Kl 19:30: Grovalark
Kl 21:00: Kickstarters, set 1
Kl 22:00: Kickstarters, set 2
Kl 23:00: DJs i to etasjar: DJ Evil Mustache og DJ Holt
Kl 02:00: Skjenkestopp
Kl 0230: Arrangementet er ferdig

Kickstarters:
Kickstarters er eit band frå Hardanger som spelar våre eigne favorittrockelåtar frå 70-talet og fram til i dag - med solide riff, soloar og energisk vokal.
Trommer: Birger Aga
Bass: Sune Aksnes
Gitar: Geir Arne Fasteland
Tangenter: Nicolai Osmo Yndestad
Gitar&Vokal: Oddbjørn Måge
Vokal: Inger Liv Langstøyl


Grovalark:

Grovalark er ein gjeng  Norheimsundianarar, inn- og utflytta og stasjonære, som kom saman for å spela musikk av ZZ Top. Etter kvart er repertoaret utvida med litt Lynyrd Skynyrd, Robin Thrower og andre heltar.

Bandet er relativt nytt medan medlemmene er relativt gamle:

Johan Bruland, bass
Asle Kristiansen, trommer
Styrk Andersen, gitar
Bjørn Magne Kristiansen, gitar
Endre Helgheim, mikrofon

Grovalark gler seg stort til å reisa til Øystese og sparka igang Bakgårdsfesten. 

Have mercy!






Restrictions

18 års aldersgrense.
Ingen refusjon på kjøpte billettar