Mjødlarók

EVENT INFORMATION

Det vert Mjødlarók i Holmatun laurdag 14. november!


Mjødlarók er mannfolk med skjeggstubbar av stål med musikkhistoria intakt.


Program:

Kl 21: Dørene opnar
Kl 22: Konsertstart
Kl 02: Dørene stenger
CC: kr 215


Om Mjødlarók:

Seks hardingar tørna saman første gong vinteren 2016 med Folgefonna og Hardangerfjorden som bakteppe. Mjødlarók starta  opp som eit coverband med eit smakfullt repertoar av klassikarar ein  ikkje høyrer for ofte. Etter kvart har me funne ut at me like godt kan  laga klassikarane sjølve.

Kryssast våre vegar får du ei god blanding av rock, pop og blues frå dei siste 70 åra miksa med eigenprodusert ferskvare. Reinspikka hardingrock smyg seg innimydlo kleda dine før du rekk å snøra igjen når Mjødlarók drar i gang. Utover sommaren 2020 vil me gje ut fem eigne låtar som sjølvsagt er produsert hjå Wallcon studio midt i vakre Hardanger.

Mjødlarók er eit dialektisk ord som skildrar det fine snødrevet ein får når  vinden bles rundt kvite fjelltoppar. På same måten som dette snøkavet  snik seg under kleda uansett kor godt du kler deg, håpar me at vår  musikk skal finna opne vegar inn til vårt publikum. Mjødlarók er Torbjørn Fosso på vokal og gitar, Edmund Larsen på bass, Oddvar Ulltang på trommer, Frank Tangen på munnspel og vokal, Dag Harald Østborg på tangenter og Harry Dijkstra på vokal og gitar.

Hardingrock kan jo vera så mangt - men det har jaffal base i Hardanger og høver difor som samlebegrep for oss. Dei fem låtane me gjev ut denne sommaren er særs ulike; nokre  ligg kanskje i popsjangeren medan andre fell inn i kategorien melodisk  klassisk rock.

Mjødlarók på Spotify
Mjødlarók på YouTube


Tryggleik/Covid-19:

Me gjennomfører arrangementet innanfor gjeldande forskrift og bransjestandard med fylgjande lovnad frå arrangør:
- maks 200 gjester. Kun førehandssal grunna sporing
- sitjeplassar til alle
- bordservering
- hygienestasjonar på området
- hyppig vask av fellesområde
- mogelegheit for 1 m avstand
- ingen sjuke på jobb
Og me vonar du som gjest held deg heime om du syner symptom på luftvegsinfeksjonar



Restrictions

18 års aldersgrense.

Waiver

Ingen refusjon på kjøpte billettar.