Bakgårdsfest 2019

Arrangementsinformasjon

Utescene + grilling + klubb = Bakgårdsfest!


Vel møtt til verdas fyrste Bakgårdsfest i Øystese. Kjenn lukten av grillmat, set deg til i fine sitjegrupper, sjå på eit område som er jazza opp med blomar, høyr på deilig musikk frå eigen utescene omkransa av ljosrekkjer. Dette er Bakgårdsfest 2019!


PROGRAM:

Kl 1830: Portane opnar. Sal av grillmat og lesk. Uteaktivitetar og lounge.
Kl 1900: Nes Tradband (Utescena)
Kl 2000: Libby Koch (us) (Utescena)
Kl 2100: KROM (Utescena)
Kl 2300: Tommy Vikdal & Sissel Huse (Peisestovo)
Kl 2300: Grovagjelet Soundsystem (Storesalen)
Kl 0200: Arrangementet er ferdig

ARTISTANE:

KROM:
KROM er eit nytt og hardtsvingande tilskot i den norske rockabilly/americana- floraen. Bandet debuterte våren 2016 med albumet Hopp, Karoline! (Gramofon). KROM skriv eigne låtar, og skil seg ut ved å bruke morsmålet i ein ellers så erkeamerikansk sjanger. Musikalsk sneiar bandet innom dei fleste sjangrane under roots-paraplyen, men med eit solid rotfeste i klassisk rockabilly. Sidan bandet skriv på norsk, er det ikkje til å stikke under ein stol at Vazelina Bilopphøggers blei spelt mykje på guterommet i si tid. Legg ein til artistar som Stray Cats, Seatsniffers, Johnny Cash og Eddie Cochran får ein ein viss peikepinn på kor landet ligg. To tekstforfattarar frå kvar si side av vasskillet resulterer i låtar med høvesvis nordfjord- og hallingdialekt. Medlemmene har fartstid frå band som Green Granadas, Beat Tornados, Yngve & his Boogie Legs og Fabel. KROM er lyden av gutar frå grisegrendte strøk, med hamrande rock`n rollhjarter fyllt til randen av speleglede!

KROM er: Odd-Erik Lothe - vokal og gitar // Ståle Søndrål Wick - vokal og gitar // Morten Pisani - trommer //Yngve Jordalen - ståbass

Image may contain: 3 people, people standing

Libby Koch:
Libby Koch kjem frå Houston, TX. Ho er Texas Americana singer-songwriter, med ei emosjonell og kraftig gospel/honky-tonk røyst. I ein fantastisk blanding av humor og storytelling, og med hennar eigne musikalske miks av folk og country gjev ho publikum ei unik og annleis konsertoppleving.

Libby Koch har i fleire år spelt country festivalar i UK, samt turnert i Nederland. I 2018 vitja ho Noreg for fyrste gong og sette att eit stort musikalsk inntrykk.

"It is artists like Koch that are restoring faith in country music to it’s fans." - International Guitar Magazine

www.libbykoch.com


Nes Tradband:
Det vert inkje mindre enn ei verdspremiere når Arvid Aasprang, Rolf Seldal, André Banay, Roald Gilje og Helge Haukås hesjar i hop eit nytt band for høvet. Dei meritterte musikarane har lang fartstid på både lokale og regionale scener. Me er spente på kva dei kjem opp med sidan dei til no ikkje har hatt ei einaste øving saman.

Tommy Vikdal & Sissel Huse:
Dei lokale trubadurane Tommy Vikdal og Sissel Huse får ein heilt eigen nylaga scene i Peisestova til rådvelde og kjem til å dunka ut ei setliste beståande av det beste innan rock og beslekta genrar frå dei siste 50 åra. Arrangørnemnda er klare til å flytta på stolar og bord dersom danselysta tek overhand!

Grovagjelet Soundsystem:
Grovagjelet Soundsystem vart påtenkt i 1985 og skipa i 1986, og har sidan snurra plater på både heimefestar og utestader. Spelar garantert ikkje swing, men forvent alt ifrå dubstep, house og hip-hop til punk, powermetal og pop. Merittlista består mellom anna av spelejobbar på Bygdalarm, Lurkalarm, Påskelarm, Jolalarm og på utestaden Victoria i Bergen. Bak artistnamnet skjuler Victor Marshall Tombre seg saman med ei solid platesamling som han tek med når Storesalen vert omdanna til klubbarena

Bilderesultat for grovagjelet soundsystem


Arrangørar: Øystese næringslag, Øystese fotball og Holmatun

Restriksjoner

18 års aldersgrense.
Ingen refusjon på kjøpte billettar