Haustfest i Holmatun med Real Ones

Arrangementsinformasjon

Real Ones - Noregs beste liveband kjem til Holmatun! Kjem du? I tillegg byd me på framsyninga "Best of Hardanger" med dei fremste kulturaktørane i regionen i eit musikalsk potpourri.
Frivilligheita vert også hylla når Holmatun og Sparebanken Vest inviterer til haustfest i Holmatun fredag 13. september. Her vert det kåringar, framsyning og sjølvsagt: FEST!


Real Ones kjem til Holmatun!

Program:

Kl 1800: "Best of Hardanger" - eit særskilt tilrettelagt musikalsk og historisk potpourri av dei beste kulturaktørane i regionen på ei scene.
Med:
Stig Lundblad-Sandbakk (musikar)
Eirik Bøen Gravdal (musikar)
Vidar Berge og Arngunn Timenes Bell (musikarar)
Torkjell Børsheim (folkedans)
AK Glück-Teigland (kulturstuntmann)
Kl 1900: Utdeling av Sparebanken Vest sine gåvemidlar. Seansen vert leia av Knut Skinnes.
Kl 2000: Middag i Peisestova
Kl 2100: Dørene opnar i Storesalen
Kl 2200: Real Ones
Kl 2300: Haustfesten held fram i Peisestova med drøs og dans

Bidragsytarane:

Real Ones:

Noregs beste liveband kjem til Holmatun!

Real Ones har lenge vært Norges i særklasse beste liveband. Kanskje er de Norges beste band, punktum.
– Sven Ove Bakke, Dagbladet

I over to tiår har Real Ones imponert som eit fantastisk liveband. Dei starta som eit reint folkemusikkband, men som følgje av ein stadig søken etter nye uttrykk har dei sidan då utvikla seg til å verta eit av Noregs mest særeigne ensembler i skjeringspunktet folk, pop, rock med klåre referansar til verdsmusikk og elektronika.

I 2018 sleppte Real Ones sitt 11. album «Hey Future, Hey Past». Arbeidet med det nye albumet starta då Real Ones vart booka til ein spelejobb i Havana.

Vi tok med studioutstyr fra Norge og satt det opp i hagen der vi bodde i Havana. Der satt vi dagen og natten lang, til anerkjennende nikk fra den alltid tilstedeværende nattevakten.
– David Vogt, vokalist

Då dei kom heim til Noreg gjekk dei i studio med Matias Tellez og Fredrik Vogsborg. Saman har dei komme fram til ein ny og forfriskande Real Ones-sound med ny instrumentering og studioarbeid, samstundes som dei har bevart folkrock-preget og den umiskjennelige spelegleda, som har gjort dei til eit av dei mestettertrakt livebanda i landet.

Dette er kanskje vårt mest tilgjengelige album. På mange måter vår ultimate pop-plate, selv om det egentlig er en folkrock plate. Vi har gått i ulike retninger på våre siste plater. Sist ga vi ut en latinamerikansk messe, men nå er tiden inne for å dyrke den mest umiddelbare siden av Real Ones
– Ivar Chelsom Vogt, gitarist

Real Ones har alltid motteke svært gode kritikkar for platene sine og har vorte godt motteken av publikum verda over. 1994 haldt Real Ones sin fyrste konsert i Bergen. 25 år, 10 album, 4 EP’ar, 2 Spellemannprisar, 975 konsertar i 15 land på 3 kontinent seinare, er dei fem barndomsvenene klare for nye eventyr!


"Best of Hardanger":

Vel møtt til eit potpourri av musikk og soger når dei fremste musikarane skal framføra eit eineståande kulturshow på scena i Storesalen i Holmatun.

Eirik Bøen Gravdal:

Digvalley er Eirik Bøen Gravdal. Studioprodusent, multi-instrumentalist og singer/songwriter. Eit einmannsprosjekt frå Odda i Hardanger som strekkjer seg frå heilt nedpå singer/songwriter til store ambiente arrangementer. Turnerte med fullt band rundt heile Island som fyrste band i verda, fordelt på ni konsertscener i 2016, ref https://youtu.be/1kMx9ONnjeg
Sleppte debutalbumet "Void" Mars 2017, i samarbeid med Los Angeles-baserte Manimal Vinyl (Yoko Ono, Bat For Lashes, Warpaint):
https://open.spotify.com/artist/7g8eX3Nl7pb9tcOxFi1ABb?si=nD3uzbRlQRyW_3Ze8e9VbQ

Ny singel “Summer Light” ble premiert i NRK P3 Mars 2018.
"GØRR-fint!" - P3-Ruben
Ble kort tid etter plukket opp av en av Europas største musikk-kuratorer La Belle Musique.
https://soundcloud.com/labellemusiqueofficial/digvalley-summer-light
Etter eit lengre opphald i Berlin, kjem Digvalley ut med ny EP høsten 2019. 


Torkjell Børsheim:

Årets vinnar av Landskappleiken kjem til Holmatun! Torkjell er busett som bonde og dyrlækjar i Ulvik, i tillegg til å vera folkedansar av internasjonalt format. Han har dansa i konsertar/produksjonar i Noreg og Europa, m.a. gjennom Den Kulturelle Skulesekken, Det Norske Teatret og i dansekompaniet FRIKAR.

Image may contain: 1 person
Foto: Reinholdt Kager

Stig Lundblad-Sandbakk:

Den musikalske koryféen og eksil-sunnmøring Stig Lundblad-Sandbakk er no vorten harding og gjer etterlengta comeback på ei scene han kjenner svært godt. Under alter egoet A Boy Named Sue har han fleire plateutgjevingar i bagasjen. Me vil i Holmatun få servert ei heilt spesiell musikalsk oppleving som kun er framført ein gong tidlegare.


Vidar Berge og Arngunn Timenes Bell: 

Arngunn og Vidar spelar hardingfele og gitar. Ekteparet plukkar uskjemma slåttar frå dei folkemusikalske hitlistene på Vestlandet. Her og der smett det seg inn nokre tonar frå andre delar av landet eller til og med Sverige, for å gje det heile eit eksotisk preg. Musikken er rytmisk og drivande, bort sett frå små tilfelle av forbigåande melankoli.


AK Glück-Teigland:

Framsyninga vert sydd saman med utdrag frå framsyninga "100 hardingar på 60 minutt" som har vorte synt fleire stader i Hardanger og Bergen. Det er ein hyllest til subkulturelle kvardagsheltar gjennom 600 år. Soger om alt frå lagmannen på Aga til kyrabonden som batt kviga til pakkrammesekken og bar ho til fjells for å setja kalv på ho.

Bilderesultat for ak gluck teigland

Knut Skinnes:

Me er heldige som har Knut Skinnes kjem frå bygda Krødsherad under Norefjell til å leia seansen i Holmatun. TIl dagleg jobbar han med klima og berekraft med særskild fokus på å få fram potensialet i jordbruket og skogbruket. Han har ulik røynsle med næringsutvikling, politikk, og klimaarbeid. Knut har tidligere vore med på å starta opp ulike selskap, og drege i gang fleire sukssesrike initiativ. I tillegg er han friluftseventyrar, festivalarrangør og stuntmann.

----

Medarrangør av haustfesten er Sparebanken Vest. Banken deler årleg ut gåvemidlar av overskotet til frivillige lag og organisasjonar for å skapa levande bygdesamfunn. Dette er andre gongen utdelingane vert kombinert med haustfest i Holmatun i Øystese.

Holmatun - arena for Husfest 2019

hjartebank
holmatun
åretsharding
realones
haustfest

Restriksjoner

Ingen refusjon på kjøpte billettar

Ansvarsfraskrivelse

18 års aldersgrense