Hordaland Teater pres: Morgon og kveld

Arrangementsinformasjon
                                                

Morgon og kveld

                   

Av Jon Fosse
Dramatisering Hildegun Riise
Regi Terje Nauder
Med Stig Amdam

                                                     Foto: Thor Brødreskift

Vel møtt til Holmatun når Hordaland Teater presenterer denne klassikaren av Jon Fosse som monolog med skodespelar Stig Amdam (bilete), godt kjend frå Den Nationale Scene og frå mange film- og tv-roller.             

Handlinga:
I eit fortetta «limbo-univers» møter vi Johannes i ytterpunkta av sin livssyklus. Den dagen han vert fødd og den dagen han skal over til den andre sida. Vi møter Stig Amdam som fiskaren Johannes. Han skal saman med sin avlidne beste ven Peter gå igjennom livet sitt for å møte døden. Han ser, sansar og freistar å ta inn over seg kva det er som er i ferd med å skje. Erkjenninga om at livet skal til å sleppe taket veks fram i han etter kvart som han undrar, minnest, ser og får satt opplevingane sine i perspektiv. Heile tida er sjøen og arbeidsgjerninga ved kysten sterkt til stades som ramme for livsverket til Johannes. Forteljinga har rike religiøse og eksistensielle dimensjonar og snakkar til oss på ein særs sanseleg måte og er eit glimrande eksempel på Jon Fosse si magiske forteljarkunst.

                   

Dato: torsdag 3. oktober kl 19
Lokale: Vetlesalen, Holmatun
Antall publikum: Maks 60 pers
Varigheit: ca 1 time
Pris: kr 250                                                   

                                        

Romanen kom ut 2001 (på Samlaget) og har fått gode kritikkar :

Terje Eidsvåg, Adresseavisen:
"En mesterlig liten roman"                  

Tone Solberg, Dagens Næringsliv: 
"Morgon og kveld er en enkel historie om tilværelsens viktigste spørsmål: selve meningen med livet. Fosse formidler disse grublerier med en inderlig stillferdighet som griper fatt i leseren. Det er nesten umulig ikke å bli forført inn i fiskeren Johannes’ verden."

Berit Kobro, VG: 
"Jon Fosses siste roman med den underfundig, skrikende pregløse tittelen Morgon og kveld går bokstavelig talt på livet løs."

                                                


   

jonfosse
hordalandteater
drama

Ansvarsfraskrivelse

Ingen refusjon på kjøpte billettar.