Roots-konsert: Stephen K. Morris (US)

Arrangementsinformasjon

Homatun og B Good Promotion and Production presenterer: STEPHEN K. MORRIS, usa tx

Texas singer/songwriter, og ein svært god storyteller. Stephen tek  publikum med på ei reise rundt i Texas på ein lun, fin og humoristisk måte. Frå “County Fairs” og “Kissing Booth” til “Tequila Driven Dreams”….

Stephen K. Morris er fødd og oppvaksen i ein liten by nord i Texas, Iowa Park. Han lærte å spela saksofon på skulen, men på college tok han opp gitaren og byrja skriva låtar. Stephen har eit humoristisk skråblikk på livet som speglar seg i tekstane.

Stephen K. Morris har sitt eige radioprogram på The Texas Rebel Radio. I programmet «THE OUTSIDER» Songwriter Spotlight Series inviterer Stephen andre singer/songwriters, fra forskjellige steder i USA, til eit uformelt drøs om artisten og hans/hennar musikk. Radioprogrammet vert teke opp live-on-tape med publikum til stades. Sjekk ut! https://soundcloud.com/stephen-k-morris

I 2013 gav han ut sitt fyrste album «Borrowed Times». Der tok han steget fullt ut med eigen poesi og sound. Med sitt nye album «The Husslers Fool» i bagasjen, legg Stephen K. Morris nå ut på sin fyrste Europa Tour og vitjar Øystese og Holmatun.

Stephen er ein ekte Texas singer/songwriter/storyteller og han leverer frå hjarta til publikum, og formidlar poesi og musikk på utruleg fin måte.

Vel møtt til dempa ljos, bar og intim stemning i Vetlesalen.

Restriksjoner

Ingen refusjon på kjøpte billettar. 18 års aldersgrense.