Smørjekurs

Arrangementsinformasjon
Default file 1510074592



Vel møtt til eit praktisk smørjekurs i Holmatun. Kurselar Geir Mo frå Mo Sport AS har lang røynsle med å skaffa godt feste og god glid på mange ulike ski.

Kurset er særskilt retta mot fjellski og toppturski og høver for deg som kort sagt ynskjer å få meir ut av skiopplevinga både opp og ned.

Innhald vil m.a. vera grunnprinsipp innan smørjing, børsting og sikling, korleis ta vare på gliden på lengre turra, korleis oppbevara skia, gjennomgang ulike typar av turrvoks og festevoks osv.

Kurset er lagt opp med ein praktisk del kor ein saman med instruktør jobbar med skia.

Naudsynt utstyr:
- ta med ski

Ta med dersom du har:
- smørjebord, -profil, tvinger og smørjejarn

Mo Sport har spesialtilbod på ekstrautstyr. Ting her ved betaling og få utdelt på kurset. Betaling på staden.

Spesialtilbod:
Smøreprofil (for bord T0077): kr 650 (veil kr 999)
Smørebord 120x35cm: kr 975 (veil kr 1499)
Toko smørejern: kr 450 (veil kr 750)
Skrustikke 40-100mm: kr 1100 (veil kr 1699)
Smøreprofil alu: kr 900 (veil kr 1399)

Alle deltakarar får i tillegg på sjølve kurset svært gode prisar på ulike grunnpakkar innan smørjing som Mo Sport skreddarsyr til dine behov. 

Kursavgift: kr 215

Gliding fører fram!

holmatun
skismøring
swix
mosport
hardinglaup