Purple Heep

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

Vel møtt til historisk rockekveld i Holmatun når sjølvaste Purple Heep med Olivers Weers entrar scena i Storesalen i Holmatun. Det legendariske bandet spelar det beste frå dei endå meir legendariske Deep Purple og Uriah Heep. Bandet har turnert i store delar av Noreg og har delt scene med mellom anna Nazareth, Dr. Hook og WigWam.


Program:

Kl 20: Dørene opnar
Kl 21: Oppvarming med Kickstarters
Kl 22: Purple Heep
Kl 02: Dørene stenger

Om bandet:

Purple Heep har ikkje uventa vorte ein publikumsfavoritt – for bandet leverer musikken fra to av 70-tallet sine største rockeband med stor presisjon. Deep Purple og Uriah Heep hadde to av dei beste vokalistane i Ian Gillan og David Byron, men likevel - heile vegen frå dei vokale utfordringane og til det instrumentelle, syner bandet at dei kan matcha sine idol, og kanskje levere de endå betre.                                                                  

Mange hugsar nok den såre skrikande vokalen i  ”Child In Time”, og det sugande hammondorgelet i ”Lazy” og ”Perfect Strangers”. ”Soldier Of Fortune” og ”July Morning” har vorte dansa til i mange tiår og det finst vel knapt ein gitarist som ikkje har spelt det kjente temaet fra Smoke On The Water.

Bandet har hatt stort sett same besetning helit fra starten i 2002, men har sidan 2016 hatt med Oliver Weers på vokal. Oliver Weers bur i Danmark og har fleire utgjevingar med eigen musikk som høyrer til ein litt hardare sjanger.

Oliver meistrar Purple/Heep-sounden godt og den kraftige røysta kan minna litt om David Coverdale...

Besetninga elles er Reino A Småland på gitar, kjend frå tallause band innan bluesmiljøet og er ein suveren gitarist. Kristian Ryland – på ekte Hammond, Moog og kor, Bjarte Skintveit - bass og Jan Thue - trommer.

Heimeside: http://purpleheep.com
Facebook Group // Facebook Page




Restriksjoner

18 års aldersgrense. Ingen refusjon på kjøpte billettar

Tags

deeppurple
uriahheep
purpleheep
oliverweers
holmatun
Organizer
Holmatun AS