Vassendgutane i Øystese

page view image
Arrangementsdato

fredag 15 nov 2024 20:00

Slutter lørdag 16 nov 2024 02:30
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Vassendgutane
event image

Arrangementsinformasjon

VASSENDGUTANE – originalen av festcountry kjem tilbake til Øystese!

I 1996 samla 6 unge friske karar seg på Ungdomshuset i Åmdalen i Ørsta til den fyrste øvinga i Vassendgutane si tidsreise.

Etter ei tid med mange øvingar med sjølvaste Teddy Nelson som motivator kom fleire nye låtar til, som karane sjøle laga. Etter som tida gjekk fekk Vassendgutane stadig spørsmål om kva stilart musikk dei spela? Slik blei varemerket “Fest-country” laga. Og dette blei slagordet om stilen til Vassendgutane.

Sidan den tid, kan ein trygt seie at ting har hatt den rette utviklinga. Andre nyttar også i dag stilarten Fest-country, og det er kjekt seier karane i Vassendgutane. I dag er Vassendgutane blitt ei merkevare, og det leiande bandet i Norge i dette segmentet. Bandet opptrer over heile vårt vidstrakte land til glede både for seg sjølve og eit lojalt trufast publikum.

Vassendgutane er som nevnt:» Originalen av Festcountry». Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsong. Nemner låtar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikoni Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt. Dette er nokre av låtane dei fleste i salen kan teksten på. 

Vassendgutane har tidligare hylla både Ivar Aasen og skidronninga Johaug med eigen song. No er det enda eit idol som skal få sin eigen song! Vår folkekjære Kong Harald. Nyleg slapp bandet songen «Kongen av Norge».

Bandet: Alf Rune Melby (Steelgitar)
Ernst O. Brune (Trekkspill)
Arthur J. Bjørdal (Vokal og gitar)
Kim Lillestøl (Trommer)
Sindre Aam (Vokal og bass)
Rune S. Brautaset (Vokal og gitar)
Frank Utgård (El-gitar


Dørene opnar: Kl 20:00
Konsertstart: Kl 22:00
Aldersgrense 18 år


Restriksjoner

Aldersgrense 18 år

Organizer
Holmatun AS