Lunick Five

Sat 17 Nov 18 19:00 Til Sun 18 Nov 18 02:00

   Legg til i din kalender
Tilgjengelige varer
Heilaftan: Middag og dans
Inkluderer middag kl 19 og dans.
Utsolgt
Dans med Lunick Five
Dørene opnar kl 21

Arrangementsinformasjon

Vel møtt til dans og den fyrste avskjedskonserten til legendariske Lunick Five. Bandet feirer i 2018 55-årsjubileum og heile Holmatun skal fyllast med danseglade gjester i alle aldrar. Kvelden vert ei musikalsk og historisk tidsreise frå 1963 til 2018. Konferansier for kvelden er Håkon Valland. På kjøkenet tryllar kokk Tommy Hatlem fram ein meny som kompletterer kvelden til ein heilaftan.

Program:
Kl 19: Middag i Peisestovo (kun 80 plassar). UTSELT!
Kl 21: Dørene opnar
Kl 22: Dans med Lunick Five
Kl 02: Dørene stenger

Lunick Five:

Bandet vart start av fire kameratar i Norheimsund i 1963 korpå to av dei er med endå Odd Arve Sandven og Arne Brigt Wilhelmsen. Bandet figurerte i starten med navnet Hopless, men vart endra til Lunick Five. Jon Kjosås kom med som vokalist i 1965 og Arne Fonneland tilslutta sekstetten på tangent i 1990.
Spelestader har vore Kvam, Kvinherad og elles rundt i Hordaland. Har endåtil vore til Svalbard og litt aust og sør i landet. Spelar dansbar musikk frå 60- og 70-talet men også nyare stoff.
Bandet idag er Roald Vevle (bassgitar), Arne Fonneland (tangent og vokal), Arne Brigt Wilhelmsen (trommer), Odd Arve Sandven (gitar og vokal), Jon Kjosås (vokalist) og Helge Nordås (sologitar).

Restriksjoner

18 års aldersgrense
Ingen refusjon på kjøpte billettar

Tags

lunickfive
holmatun
Organizer
Holmatun AS